Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane våre, og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har behov for ferievikarar frå og med veke 24 til og med veke 33.
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- 2. eller 3. års bioingeniørstudent
- Bioingeniørstudent som er ferdig med 1. studieår kan også søkje
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Fagleg interessert og lærevillig
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst i ein aktiv og travel kvardag
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Joar Ulstein, Seksjonsleiar, Joar.Ulstein@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5042366500
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026