Ferievikar – Masfjorden sjukeheim

Om stillingane

Me treng deg som søkjer ein spanande og utfordrande jobb til sommaren

Masfjorden kommune søkjer etter ferievikarar ved desse avdelingane:   

  • Masfjorden sjukeheim pleie
  • Kjøkkenet Masfjorden sjukeheim 
  • Vaskeri og reinhald Masfjorden sjukeheim 

Me treng vikarar i perioden frå veke 25 til og med veke 33. Du må opplyse i søknaden kvar du ynskjer å arbeide, og kva tidsperiode du kan arbeide. 

Masfjorden sjukeheim treng vikarar i dagarbeid og i nattstillingar. For stilling på natt vil vil ein få nattillegg. Ein må vere 18 år for å arbeide på natt.

I pleie og omsorg vert søkjarar som kan arbeide helg og minimum 4 veker prioriterte

For søkarar under utdanning i eit høgskuleløp har vi eigen lønsstige

Våre ynskjer om deg

  • Du er positiv, flittig og initiativrik
  • Du har fullført 10.klasse
  • Det er krav om gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • For stillingar i pleie er det er ynskjeleg med søkjarar som har fagbrev som helsefagarbeidar eller autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, men andre kan også søke

Arbeidsoppgåver

Pleie og omsorg:

  • Utøve god omsorg for bebuarane
  • Bistå beboerne i personlig hygiene, forflytning, ernæring m.m.
  • Bidra til god livskvalitet, mestring og ein meiningsfull kvardag for bebuarane
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Daglege rutinar i avdelingane
  • Andre oppgåver

Kjøkken og reinhald:

  • Kjøkkenoppgåver
  • Reinhald
  • Daglege rutinar i avdelingane
  • Andre oppgåver

Politiattest

I pleie og omsorg er det krav om politiattest som ikkje eldre enn 3 månader. Denne bestiller du etter at du har fått jobbtilbod.  

Slik søkjer du  

Du søkjer elektronisk via "send søknad" på denne sida.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted