Ferievikar 2026 – Vikar for LIS / medisinstudent med lisens

  • Heltid
  • HJELSET, NORGE
  • 30. januar 2026

Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Det vil vere behov ved desse seksjonane:

  • Kirurgiske legar
  • Ortopediske leger 

Vi har behov for vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens. Ortopediske legar har og behov for vikar for LIS 3. 

Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens
  • Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med pasienter, pårørende og kollegaer
  • Du ønskjer å bidra til å gi et godt tilbod til pasientane våre
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Trivleg arbiedsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Solfrid Snowball, Kst. Seksjonsleiar LIS1 SNR, Solfrid.Snowball@helse-mr.no
Kirsti Sevaldsen, Seksjonsleiar, ortopediske legar SNR, Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5044289180
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026