Ferievikar 2026 – Vikar for LIS 1/ medisinstudent med lisens

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • 30. januar 2026

Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Klinikk Ålesund sjukehus har behov for vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34. Det vil vere behov ved desse seksjonane:

Klinikk Ålesund sjukehus:

  • Seksjon for kirurgiske legar
  • Seksjon for medisinske legar
  • Seksjon for ortopediske legar

Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering:

  • Seksjon for legar kreftavdelinga

Informasjon til søkjaren:

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar blir du fordelt etter seksjonane sitt behov. Dersom du har jobba for oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens
  • Må mestre norsk språk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med pasienter, pårørende og kollegaer
  • Du ønskjer å bidra til å gi et godt tilbod til pasientane våre
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Trivleg arbiedsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Wenke Sødahl, Sekretær, Medisinske legar, Wenke.Sodahl@helse-mr.no
Inge Ødven, Rådgjevar, Kirurgiske legar, Inge.Odven@helse-mr.no
Jørn Aaen, Seksjonsleiar, Ortopediske legar, Jorn.Aaen@helse-mr.no
Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, Legar kreftavdelinga, Synnove.Haram.Rotnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Ålesund sjukehus
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5041185774
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026