Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 33. Vi treng mellom anna sjukepleiar, vernepleiar, psykologstudentar og andre helse- og sosialfaglege studentar.
Seksjonen består i dag av eit akutteam, eit ambulant allmenteam og eit ACT-team (Aktivt oppsøkjande behandlingsteam). Pasientopptaksområdet er Søre Sunnmøre.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom
- Helsefagleg student (sjukepleie-/ vernepleie-/ sosionom-/ barnevern- eller psykologstudent) som har gått minst 2 år av utdanninga
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha førarkort klasse B (personbil)
- Ønskeleg med praksiserfaring innen psykisk helsevern
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsfull, løysingsorientert og strukturert
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Du har stor arbeidskapasitet og et stort fagleg engasjement
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
- Du fungerer godt i tverrfaglege team
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Kontaktinformasjon
Solrun Brenk Rønning, Seksjonsleiar, Solrun.Brenk.Ronning@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5043688056
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026