Ferievikar 2026 – Kokk/kjøkkenassistent

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • 30. januar 2026

Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast!

Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) treng ferievikarar sommaren 2026.

Det er behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 27 t.o.m veke 33.

Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV. 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev for tilsetting som fagkokk
  • Relevant erfaring som kjøkkenassistent
  • Det er ønskeleg med erfaring frå storkjøkken
  • Det er ønskeleg med erfaring frå IK-mat
  • Det er ønskeleg med kunnskap om spesialkost
  • Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du tar inititativ og er ansvarleg
  • Du jobbar strukturert og held orden
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er opptatt av å yte god service
  • Du jobbar godt både i team og aleine
  • Du taklar stress og raske endringar i arbeidskvardagen
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

For meir informasjon om vår region sjå her og her

Kontaktinformasjon

Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleiar, Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vestmoa 27
6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5043726170
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted