Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast!
Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) treng ferievikarar sommaren 2026.
Det er behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 26 t.o.m veke 33.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din søknad.
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring
- Gode datakunnskapar
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Fagleg interessert og lærevillig
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst i ein aktiv og travel kvardag
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleiar, siri.mette.dragsund.hoff@helse-mr.no
Arbeidsstad
Vestmoa 27
6018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5043718596
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026