Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Seksjon for kjøkken og kantine Volda treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2026. Vi treng fagkokkar og kjøkkenassistentar.
Det er behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 26 t.o.m veke 34.
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Fagbrev for tilsetting som fagkokk
- Relevant erfaring som kjøkkenassistent
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Beate Leite Førde, Seksjonsleiar, Beate.Leite.Forde@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5042376253
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2026