Bergen fengsel
Prosjektstilling 2025-2027
Bergen fengsel søkjer no 5 engasjerte og motiverte fengselsbetjentar til det tverrfaglege rusbehandlingsprosjektet vårt frå 2025 til 2027. Dette er ei unik moglegheit for deg som ynskjer å bidra til meiningsfull endring – og som blir motivert av å arbeida tett med innsette som ynskjer seg eit liv utan rus og kriminalitet. Arbeidstid vert todelt turnus.
Eit godt fungerande rusmeistringstilbod er ofte nykkelen til ei vellykka rehabilitering. Som del av teamet vil du bruka kompetansen din til å støtta innsette i endringsprosessen deira og bidra til ein heilskapleg og fagleg forankra behandling og tilbakeføring. Saman med kollegaer frå ulike fagmiljø jobbar du for å sikra eit trygt, verdig og utviklande soningsmiljø – og ikkje minst: eit betre liv etter soning.
Me ser etter deg som ynskjer å:
- Bidra til varige endringar for menneske i ein sårbar livssituasjon
- Bruka fagkunnskapen og relasjonskompetansen din til å motivera og støtte
- Vera ein viktig del av eit team med høgt engasjement og fagleg driv
Dette er ikkje berre ein jobb – det er ei moglegheit til å gjera ein forskjell.
Arbeidsoppgåver
- Teneste med daglege oppgåver knytt til innsette i det heilskaplege rusteamet.
- Kartleggja ressursar og behov hos innsette.
- Gjennomføra individuell oppfølging, progresjon, russamtalar, rettleingsamtaler og miljøarbeid med innsette
- Sikre tverrfaglege samarbeid med andre eksterne partar i einingane og andre kriminalomsorgsfaglege tilbod.
- Delta i gruppesamlingar og drive program for innsette i målgruppa.
- Delta på framstillingar og aktivitetar som er nødvendig for det heilskaplege rusbehandlingstilbodet
Den som blir tilsett må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde
Utdanning og erfaring
Du må ha
- Bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS)
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førerkort klasse B
Det er ynskjeleg at du har
- Erfaring frå arbeid med rus- og avhengnadsproblematikk
- Det er ein fordel med tilleggsutdanning som er relevant for arbeid i rusbehandlingsteamet
- Kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system og verktøy
Personleg egnaheit
Vi legg særleg vekt på personleg egnaheit og ser etter deg som er:
- Sjølvstendig, målretta og systematisk
- Tålmodig, empatisk og ansvarsmedviten
- Har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfagleg samarbeid
- I stand til å setja grenser på ein respektfull og varetakande måte
- Interessert i motivasjonsarbeid, påverknadsarbeid og endringsarbeid
- Nytenkende og fleksibel i arbeid med å finna gode tverrfaglege løysingar
- Personlege eigenskapar i tråd med verdiane av etaten
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Gode pensjons, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag, treningstilbod og gratis parkering
Stillinga blir lønna som 0264 Fengselsbetjent frå kr 458 000 – 573 000 pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunna bidra til ei endå betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lesa meir om krava for å bli vurdert som søkjer i desse gruppene her.
Me gjer merksame på at det må ikkje vera noko å utsetja på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest forut for tilsetjing.
Me gjer også merksame på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vera friteke frå søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gitt høve til å trekkja søknaden.
Den som blir tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemde om arbeidsområdet.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.