Barn, familie og helse, Giske kommune
Giske kommune har ledig vikariat for fastlege frå 16.06.2025 – 15.06.2026. Det kan også vere aktuelt å inngå avtale om vikariat for delar av perioden.
Listestorleik 950 og 10 % kommunal deltidsstilling som tilsynslege ved sjukeheim er knytt til vikariatet.
Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for ALIS.
Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett dagleg leiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.
Vi har erfarne spesialistar i allmennmedisin som rettleiarar for ALIS. God moglegheit for løpande supervisjon og rettleiing i tillegg.
Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Kvinnelege legar blir oppfordra til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
- Helsefremmande og førebyggande arbeid.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Deltaking i legevakt.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som lege, helst med erfaring frå allmennmedisin.
- Oppfyller kompetansekrav for legar i kommunen. http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-02-17-192
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- God på kommunikasjon og samarbeid.
- Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
- Evne til å arbeide strukturert og målretta.
Andre opplysningar:
- Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
- Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
- Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Vi tilbyr
- Spanande arbeidsoppgåver
- Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø
- God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar
Kontaktinformasjon
Anne-Line Sommerdalen, kommuneoverlege, 93462221
Gretha Giske, einingsleiar, 97028234
Arbeidsstad
Valderhaug 4
6050 Valderhaugstranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 4949388969
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 24.04.2025