Avdeling helse, Fyresdal kommune
Etter ein del år med lite stabilitet og kontinuitet på legesida, etablerte Fyresdal kommune i 2023 ordninga «Nordsjøturnus». I ordninga «Nordsjøturnus» er det tre legar som delar på ei fastlegeliste. Legane jobbar i ein komprimert turnus der dei fysisk er på jobb i to veker med påfølgjande fri i fire veker. Dei to vekene legen er på jobb dekker dei også opp den lokale legevakta. «Nordsjøturnusen» hadde offisiell opning 8. mai 2023, og har sidan då vore ein stor suksess. Vi har nå ei stabil fastlegeteneste og legevakt i eiga bygd.
Kunne du tenke deg å blei ein del av fastlegetenesta i Fyresdal kommune? Har du lyst på ei spennande stilling som både fastlege og kommuneoverlege – i kommunen med landets einaste tretoppveg? Då er det kanskje nettopp DEG vi ser etter?
Fyresdal kommune har no ledig ei fast 100 % stilling som fastlege/kommuneoverlege, med fordelinga 60 % fastlege og 40 % kommuneoverlege. Vi er på jakt etter ein engasjert og utviklingsorientera lege med stor interesse for samfunnsmedisin. At du har gode samarbeidsevner, set vi også veldig pris på. Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
Kommuneoverlegen har ei viktig rolle som medisinskfagleg rådgjevar ovanfor kommunens leiing, avdelingar, andre bedrifter og innbyggarar. Kommuneoverlegen er sentral i kommunens folkehelsearbeid og har overordna fagansvar innan miljøretta helsevern og smittevern. Plan- og beredskapsarbeid inngår og i kommuneoverlegens arbeidsområde.
På helsesenteret består det samla fagmiljøet av ein fastlege/kommuneoverlege, 3 legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, 2 fysioterapeutar, ergoterapeut og avdelingsleiar. Fyresdal tannklinikk held også til i same bygg. Jordmor, psykolog, krisesenter, barnevernssamarbeid og rask psykisk helsehjelp er knytt opp mot tenesta i form av interkommunale samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Fastlegearbeid
- Kommuneoverlegearbeid
- Folkehelsearbeid
- Ansvar for miljøretta helsevern og smittevern
- Plan- og beredskapsarbeid
- Bakvakt for LIS1 ved legevakt, samt rettleing
- Mogleg rettleiing for nordsjølegar i ALIS-løp
Kvalifikasjonar
- Lege med interesse for kommunehelseteneste og samfunnsmedisin
- Spesialist i allmennmedisin er ynskjeleg
- Spesialist i samfunnsmedisin er ynskjeleg, men kommunen vil kunne legge til rette for spesialisering
- Søkarar må ha norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert
- Har evne til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
- Har gode samarbeidsevner
- Bidreg til delingskultur og godt arbeidsmiljø
- Har brukar i fokus
- Har gode IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegar
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- 37,5 timars arbeidsveke, men må vere fleksibel i høve til ev. ettermiddags- og kveldsjobbing (fleksible arbeidstidsordningar kan diskuterast)
- Løn etter avtale
Tilsettingsvilkår:
Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, herunder 6 månadar prøvetid.
- Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.
- Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
- Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.
- Søkarar må ha førarkort og disponere eigen bil.
Velkomen som søkar!
Kontaktinformasjon
Jenny Kiland, Avdelingsleiar helse, 45 22 80 97, jenny.kiland@fyresdal.kommune.no
Anne Veum, Kommunalsjef helse og omsorg, 95 17 74 21, anne.veum@fyresdal.kommune.no
Arbeidssted
Landstadvegen 35
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 5020605685
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025