Faste stillingar til vårt prosjekt for E134 Vågsli – Seljestad 

  • Heltid
  • RØLDAL, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 22. april 2025

Om stillingane

Vi søkjer Byggjeleiar / Kontrollingeniørar / SHA-rådgivar til vårt utbyggingsprosjekt Røldal-Seljestad

E134 Røldal -Seljestad er første byggetrinn på strekninga Vågsli – Seljestad, som skal betre aust-vest-forbindelsen over Haukelifjell. I denne omgang skal det byggast ein 12,4 km lang eittløpstunnel med litt veg i kvar ende. Totalentreprisen vart signert 31.mars 2025, med byggestart vår/sommar 2025. 

Vi skal difor no starte oppbygginga av ein slagkraftig og kompetent prosjekt­organisasjon til å leie utbygginga. Dette er eit langvarig prosjekt med ei byggetid på om lag 6 år. Her har du sjansen til å sette ditt preg på organisasjonen heilt frå starten, og vere med på å bygge opp organisasjonen vidare til vi har ein komplett organisasjon på plass.

Kontorstad vil vere Prosjektkontor på Liamyrane ved Røldal (under etablering) for alle stillingane.

Du vil bli del av ein hyggjeleg og arbeidsam gjeng, som har god kompetanse på området – og vi liker å sjå på oss sjølv som gode kollegar. Du vil også bidra lokalt og sette spor, med fokus på berekraft og framtida. 

Vi tilbyr også dette:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • gode pensjons- og forsikringsordningar med moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsavgift
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll
  • tilgang til rimeleg leie av etatens over 45 hytter i store delar av landet
  • lønn avtales nærmare i samsvar med vår lønnspolitikk

Arbeidsoppgåver

Som tilsett i prosjektet vårt vil du ha arbeidsoppgåver tilknytt din rolle, typisk som byggjeleiar, SHA-rådgivar eller kontrollingeniør.

Oppgåver vil vere avhengig av rollen du ønskjer, men dei vil blant anna bestå av:

  • førebu og delta i byggemøte og prosjekteringsmøte med entreprenør
  • følgje opp at tiltak i SHA-plan blir utført
  • utføre kontroll og dokumentasjon av entreprenørens arbeider og framdrift
  • sikre at HMS-arbeidet blir ivaretatt i prosjektet 
  • utarbeide og bruke egne kontrollplanar, og følge opp entreprenøren sine egne kontroller
  • oppfølging av HMS/SHA i heile prosjektet 
  • kontrollere og følge opp kontraktarbeidet med fokus på dagsoner

Kjenner du deg igjen i ein eller fleire av desse oppgåvene og har erfaring frå prosjekt vil vi oppmode deg til å søkje!

Kvalifikasjonskrav

  • relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet eller teknisk fagskule. Dette kravet kan vi fråvike dersom du har relevant arbeidserfaring frå tilsvarande prosjekter
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • førarkort klasse B 
     

Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:

  • samarbeidsevne og evne til å finna løysingar i eit tverrfagleg fellesskap
  • nøyaktig og kvalitetsbevisst – for du har erfart at detaljer er viktig
  • strukturert – for vi har mye å holde orden på

Vi ønskjer ein sjølvgåande medarbeidar med god organisasjonsforståing og gjennomslagskraft, som trivst med å vere ein påverkar.

Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdannelse" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Testar og bakgrunnssjekk

Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted