Fast stilling som barnehagelærar og assistent

  • Heltid
  • LONEVÅG, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 9. august 2025

Om stillingane

Vikarpoolen i Osterøy starta opp hausten 2023 for å ha faste tilsette som kan fungere som vikar i alle dei kommunale barnehagane våre. Dette har vore ein tryggleik for barnehagane, og dei tilsette får eit fast arbeidsforhold framfor vikartilsetjing.

Me har no behov for ein barnehagelærar og ein assistent i det flotte teamet vårt. Det er to ledige, faste stillingar på 100 %, ein for barnehagelærar og ein for assistent. Begge stillingane er ledige frå 1. september.

Som tilsett i vikarpoolen må du vere positivt innstilt til å vere i alle barnehagane våre og fleksibilitet er eit nøkkelord i desse stillingane.

Me gler oss til å få deg med på laget!

Arbeidsoppgåver

Barnehagelærarstillinga:

  • Samarbeide tett med andre pedagogar og delta aktivt i utvikling av det pedagogiske tilbodet.
  • Medansvar for å planlegge, tilrettelegge, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med rammeplanen
  • Støtte og være til stades for barn i leik og alvor
  • Arbeide systematisk for å sikre eit godt og nært foreldresamarbeid
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og bidra i kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen
  • Være ein god rollemodell og kunne rettleie kollegaer i det pedagogiske arbeidet
  • Skriftleg arbeid, til dømes planarbeid.
  • Delta i daglege gjeremål på avdelinga og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingar og personalet

Assistentstillinga:

  • Leggje til rette for barns leik og ta ein aktiv rolle i leik og barns aktivitetar 
  • Vere ein god rollemodell
  • Støtte og vere tilstades for barn i leik og alvor 
  • Samarbeide med foreldre og kollegaer 
  • Delta i daglege gjeremål på avdelingane
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Fagleg utvikling og tett samarbeid med kollegaer. Her får du dele av eigen kunnskap, samtidig som du får lære av dine kollegaer!  
  • Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon. Me ser den viktige jobben du gjer! 
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer og leiarar
  • Tariffløn, god offentleg pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
  • Ein arbeidsstad som er inkluderande (IA) bedrift

Kvalifikasjonskrav

Særleg for barnehagelærarstillinga:

  • Bachelor utdanning som barnehagelærar
  • Grunnleggande datakunnskaper

Begge stillingane: 

  • Gode norskkunnskaper, muntleg og skriftleg, jf Barnehagelova § 27
  • Det er krav om politiattest ved tiltreding jf Barnehagelova § 30. Attesten kan ikkje være eldre enn 3 mnd.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage.

Kven er du?

  • For begge stillingane: 
  • Du ser kvart enkelt barn og er god i leik og samspel med barna 
  • Du er ein trygg vaksen som er til stades og støtter barna når dei treng det 
  • Du er engasjert og god på å samarbeide med foreldre og kolleger 
  • Du evner å få overblikk, ta inititativ og vise engasjement 
  • Du er positiv, fleksibel og utprega løysingsorientert
  • For barnehagelærarstillinga spesielt: 
  • Du er fagleg sterk og evnar å setje planer om til praksis
  • Du let barna medvirke i val av pedagogisk innhald, og er god i leik og samspel med barna
  • Du bidrar til større fagleg utvikling i heile personalgruppa
  • Du er lojal og bevisst di profesjonelle rolle i barnehagen
  • Du evnar å ha overblikk over barnegruppa og skape inkluderande fellesskap

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted