Fast helgestilling – Butenesta i Haram

  • Deltid
  • BRATTVÅG, NORGE
  • Publisert: 4 timer siden
  • 23. august 2025

Tenesteområde Butenester, Haram kommune

Haram bustader har ledige helgestillingar. Stillinga er for tida på helg i Haram bustader 1, med hyppigheit kvar 2. eller 3. helg og har ulik stillingsprosent. Vi har ledig både ordinære dag- og kveldsvakter, men også langvakter med varigheit 12,5 og 14 timar. Spesifiser i søknad kva turnusordning du ønskjer. Stillinga er ledig for dei med 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning, og dei med fagbrev innan helsefag eller barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Stillingane er ledig frå 01.09.25, eller etter avtale.

Haram bustader yter tenester på følgjande område; tenester i bustad retta mot personar med diagnose utviklingshemming, dagsenter, avlastningsteneste for vaksne, barnebolig/avlastning og Solbakken bukollektiv.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Arbeide etter oppsette miljøplanar.
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk
  • Fagutvikling – miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov

Kvalifikasjonar

  • Treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag, eller fagbrev innan helse/barne- og ungdsomsarbeidar.
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg
  • Førarkort kl. B
  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
  • Tilfredsstillande politiattest
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Grunnleggande datakunnskapar

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • Viser initiativ og er kreativ
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson
  • Evnar å byggje relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Evnar  å skape engasjement og har gode haldningar.
  • Er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd
  • Løysingsorientert og god evne til å handtere stress.
  • Er lojal og stabil

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
  • Rom for å være kreativ
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Kontaktinformasjon

Susanne Snipsøyr, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Brattvåggata
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4989377003
Stillingsprosent: 12, 25, 15, 20%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 24.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted