Fast 70% stilling som helsefagarbeidar ved Vossestrand Omsorgstun

Voss herad Område nord

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. 
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Heimetenesta rommar eit stort geografisk område, og har omlag 50 brukarar. 

Me arbeider etter tillitsmodellen og det kan verte aktuelt å arbeide inne og ute. 

Fylgjande er ledig: 

  • 70% fast for helsefag/hjelpepleiar ved Vossestrand Omsorgstun, langvakter kan vurderast

Lærling i siste periode kan og søkje. 
Ved intern tilsetjing kan anna fast stillingsprosent verte aktuelt.

Arbeidsoppgåver
:

  • Heilheitleg pleie og omsorg 
  • Helsefaglege oppgåver 
  • Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon 
  • Primærkontaktoppgåve 

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar
  • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me ynskjer:

  • Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen
  • Ein ny god kollega

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Langvakter 
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted