Familieterapeut 60% stilling, ved Vardesenteret

  • Deltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 10. juni 2025

Kreftklinikken, Helse Bergen HF

Vil du vere ei støtte for familiar som står i livets mest sårbare augeblikk? Vi søkjer ein sjølvstendig og fagleg trygg familieterapeut til teamet vårt som arbeider med kreftpasientar og deira pårørande. 

Om stillinga 
Kreft rammar ikkje berre den som blir sjuk – heile familien blir påverka. Som familieterapeut hos oss vil du bidra til å styrke kommunikasjon, bearbeide krisereaksjonar og støtte familiar i å finne håp og samanheng i ei krevande livssituasjon. Du vil vere ein viktig del av eit tverrfagleg team som jobbar heilskapleg med pasientar og pårørande – både under behandling, i rehabilitering og i livets sluttfase.

60% stilling. Tiltreding etter avtale. 

Om Vardesenteret 
Vardesenteret blei etablert som eit samarbeid mellom Kreftforeininga og Haukeland universitetssjukehus i 2014. Senteret skal gi kreftramma og pårørande eit omsorgstilbod som møter dagens og framtidas behov for heilskapleg kreftomsorg. Vardesenteret har som mål å vere ein arena og møteplass for kreftramma, pårørande og helsepersonell, der aktivitetane skal fremje livskvalitet og meistring. 

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre terapeutiske samtalar med barn, unge, vaksne og eldre – både enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper
  • Bruke ulike samtaletilnærmingar og relasjonelle arbeidsmåtar tilpassa menneske råka av kreftsjukdom i ulike fasar av sjukdomsforløpet 
  • Støtte i sorg- og kriseprosessar, både individuelt og i grupper 
  • Leie og legge til rette for samtalegrupper for pasientar og/eller pårørande
  • Samarbeide tett med tverrfagleg team og bidra til heilskapleg arbeid med pasientar og pårørande 
  • Delta i fagutvikling og intern rettleiing
  • Noko arbeid på ettermiddag/kveld kan bli aktuelt 

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie eller annan relevant helse- eller sosialfagleg utdanning, med vidareutdanning i familieterapi. Master i familieterapi er ønskeleg
  • Erfaring frå arbeid med alvorleg sjukdom, krise eller sorg 
  • Kunnskap om sorgarbeid og gruppeleiing
  • Tryggleik i møte med eksistensielle tema og sterke kjensleuttrykk 
  •  Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig 

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt 

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull arbeidskvardag med stor fagleg og menneskeleg verdi 
  • Eit støttande og tverrfagleg arbeidsmiljø 
  • Fagleg utvikling og moglegheit for rettleiing 
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mirjam Østevold, Rådgjevar, 48215172
Marie Tjelta, Senterkoordinator, 55977500

Arbeidsstad

Ibsens gate 118
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4976070759
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted