Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig åremålsstilling som fagseksjonsleiar ved Fagseksjon Master i sosialvitskap
Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, har ledig vikariat i åremålsstilling som fagseksjonsleiar for perioden 01.01.2026-31.12.2029.
Fagseksjonsleiar inngår i instituttets leiargruppe og rapporterer til instituttleiar.
Vi søkjer ein utviklingsorientert leiar, med sterk motivasjon for å bidra til å realisere høgskulens og fakultetets strategi og verdiar. Du vil ha ansvar for utdanning og fagmiljø knytt til masterprogrammet i sosialvitskap. Du har også ansvar for fagseksjonens forskingsaktivitet og for å støtte opp under fakultetet og instituttets forskingsambisjonar.
Fagseksjonsleiar skal delta i og vidareutvikle fakultetets og instituttets samarbeid med samfunns og arbeidsliv på heile Vestlandet og knyte sterke band mellom utdanning, forsking og nyskaping.
Stillinga inneber personalansvar for dei tilsette ved fagseksjonen. Du skal bidra til å sikre eit inkluderande, trygt og stimulerande fag- og arbeidsmiljø, og fremje ein organisasjonskultur prega av medverknad, tillit og demokratisk forankring.
Fagseksjonsleiar har ansvar for at fagseksjonen sine ressursar blir utnytta effektivt.
Arbeidsstad er campus Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Fagleg kvalitet og vidareutvikling av utdanninga i fagseksjonen sitt fagområde
- Dagleg drift av studium og utvikling av eit godt læringsmiljø
- Stimulere fagseksjonen sine tilsette til kompetanseutvikling og FoU-verksemd av høg kvalitet
- Samspel med samfunns og arbeidsliv
- Bidra til samarbeid på tvers av fagseksjonar og institutt
- Utvikle synergiar mellom utdanning, forsking og nyskaping
- Sikre god og formålstenleg bruk av fagseksjonen sine ressursar
- Ivareta og vidareutvikle eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø for studentar og tilsette ved instituttet
- Personal- og HMS-ansvar for fagseksjonen sine tilsette
- Vidareutvikle utdanning og forsking innanfor fagseksjonen sitt fagområde nasjonalt og internasjonalt
- Andre oppgåver pålagt/gitt av instituttleiar
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
- Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
- Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt
Generelle kompetansekrav:
- God innsikt i høgskulen sitt samfunnsoppdrag
- God erfaring frå, og/eller solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
- Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
- Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som instituttet femnar om er ein føremon
- God pedagogisk kompetanse, god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
- God forståing for digitale løysingar
- Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
- Gode leiareigenskapar
- Ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
- Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
- Gode evner til kommunikasjon, samhandling, bygge tillit og relasjonar
- Gjennomføringsevne, utvikling- og resultatorientert
- Stort engasjement for å nå høgskulen og fakultetet sine ambisjonar
- Må kunne handtere komplekse utfordringar
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som fagseksjonsleiar er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 – studieleiar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.