Fagkonsulent – vikariat

  • Heltid
  • HJELSET, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 11. august 2025

Alderspsykiatri SNR (pol.), Helse Møre og Romsdal HF

Alderspsykiatrisk poliklinikk SNR har eit ledig vikariat i 100 % stilling som fagkonsulent frå 01.09.2025 til 30.09.2026, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetjing. Arbeidsstaden er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset, med enkelte ambulante reisedagar til kommunane i Nordmøre og Romsdal.

Ved poliklinikken tilbyr vi utgreiing og behandling innan følgande målgrupper:

  • Personar med alvorleg psykisk liding som debuterer etter fylte 65 år (unntaksvis også yngre)
  • Åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens (APSD)
  • Utgreiing av kognitiv svikt

I tillegg til utgreiing og behandling vil stillinga også innebere oppfølging av pårørande og rettleiing av fastlegar og miljøpersonell i kommunane. Vi har eit godt etablert samarbeid med kommunale tenester.

Vi søkjer ein engasjert medarbeidar som er oppteken av høg fagleg kvalitet og har gode samarbeidsevner. Du må trivast med å arbeide både sjølvstendig og i team, og vere med på å utvikle eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø.

 

Om seksjonen:
Seksjon for alderspsykiatri SNR består av ein døgneining og ein poliklinikk. Poliklinikken er tverrfagleg samansett av overlege, psykolog, spesialsjukepleiarar og spesialergoterapeut/teamkoordinator. Vi samarbeider tett med klinisk farmasøyt, merkantil ressurs og Alderspsykiatrisk døgneining. Seksjonen jobbar kontinuerleg med å utvikle tenestene i tråd med pasientane sine behov.

Ver venleg og last opp attestar og vitnemål saman med søknaden.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset er plassert mellom Kristiansund og Molde. Her er ein omringa av mangfoldige moglegheiter til aktivitet og rekreasjon knytt til både naturopplevingar og byliv. Les meir om Molde og Romsdalen her. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i målgruppa
  • Samhandling med pårørande og samarbeid med kommunale tenester
  • Dokumentasjon i tråd med gjeldande retningslinjer
  • Deltaking i tverrfaglege drøftingar med fagleg bidrag
  • Noko ambulant verksemd må påreknast – tenestebil vert stilt til disposisjon

Kvalifikasjonar

  • Minimum treårig helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå (t.d. sjukepleiar, vernepleiar, sosionom)
  • Relevant vidareutdanning innan geriatri, psykisk helse eller rus er ønskjeleg
  • Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ein fordel
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Pasientorientert, fleksibel og løysingsfokusert
  • Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • Opptatt av høg fagleg kvalitet
  • Høg arbeidskapasitet og evne til å jobbe i eit til tider hektisk miljø

Personleg eignaheit vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4996551904
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 12.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted