Fagarbeidarstilling

  • Heltid
  • KALVÅG, NORGE
  • Publisert: 4 uker siden
  • 26. juli 2025

f.t. ved Kalvåg oppvekst, Bremanger kommune

Ved Kalvåg oppvekst, avdeling skule, er det ledig ei 100% fagarbeidarstilling. 

Kalvåg oppvekst er eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule. 

Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen og skulen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til  PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent fagbrev 
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Gode norsk-kunnskaper

Andre med relevant erfaring kan også søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og
    kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Kontaktinformasjon

Dag Magne Nigardsøy, Driftssjef, +47 959 82 985

Arbeidsstad

Kleivavegen 13
6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4987173506
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.07.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted