Fagarbeidar i Kjole- og draktsyerfaget

  • Deltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 1. mai 2025

ARS - ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minorietsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar finn eit godt læringsmiljø.

Fagopplæring i skule: Vi treng ein fagarbeidar i Kjole- og draktsyerfaget som kan leie eit opplæringstilbod til elevar som ikkje har fått læreplass. Stillinga er eit engasjement på inntil 50% til og med

Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og legge til rette for fagopplæring i skule
  • Samarbeid med arbeidslivet i gjennomføring av opplæringa, med mål om overgang til lærekontrakt undervegs 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i Kjole- og draktsyerfaget

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid – både internt og eksternt
  • Strukturert
  • Evne til å skape gode relasjonar til lærlingane og kollegar
  • Fagleg nyfiken
  • Sjølvstendig
  • Opptatt av å skape eit trygt læringsmiljø for lærlingane
  • Brei fagleg kompetanse 

Vi tilbyr

  • Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram 
  • Ein kultur prega av mangfald og engasjement 
  • Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk  

Kontaktinformasjon

Rita Gjerde, avdelingsleiar, 41234761

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4952218502
Stillingsprosent: 50%
Anna
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 02.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted