Fagarbeidar, barnevernspedagog

  • Heltid
  • VINJE, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 21. april 2025

Åmot skule, Vinje kommune

Me søkjer engasjerte og omsorgsfulle personar som vil jobbe hjå oss ved Åmot skule. Me søkjer deg som er interessert i barn, leik og utvikling, som er interessert i å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle, og som gjerne vil vera med på å utvikle det allereie gode tilbod som barna får i sin kvardag både på skulen og på SFO.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for det pedagogiske arbeidet på SFO og skulen
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevane 
  • Bidra til lærande og utviklande fellesskap 
  • Bidra til godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Medansvar for å skape eit godt arbeids- og samarbeidsmiljø
  • Rettleiing av elevar og tilsette
  • Bidra til at Åmot skule har eit godt omdømme

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev helse- og oppvekstfag
  • Barnevernspedagog
  • Anna relevant pedagogisk utdanning
  • Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg (minimum B2)

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, raus og tydeleg fagarbeidar/pedagog
  • Du har evna til å skape gode relasjonar til elevar og vaksne
  • Du er engasjert og tek initiativ
  • Du er fleksibel og finn løysingar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar
  • Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute
  • Du er kreativ og likar å skape saman med elevar
  • Du må trivast i ein hektisk kvardag
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Ein attraktiv arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og engasjerte tilsette
  • Løn etter lokal lønnstabell
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • Flotte og engasjerte elevar og føresette
  • Ein kommune som er oppteken av ditt bidrag og engasjement til å vidareutvikle Vinje-skulen
  • Flott natur – sumar som vinter
  • Aktivt kulturmiljø
  • Lunsjordning
  • Kort veg til dei store byane på aust- og vestlandet
  • Vinje er ein kommune med stort handligsrom, dette syner seg i skulekvardagen
  • God dekning i barnehage
  • Gratis SFO 1.-3.trinn
  • Elevan får gratis skulemat og frukt kva dag
  • Skulane er på mange ekskursjonar i løpet av skuleåret, td reiser 10.trinn til Berlin
  • Bistå i å finne bustad

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4950896701
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 04.08.2025
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 22.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted