Audiopedagogisk poliklinikk, Helse Møre og Romsdal HF
Vi søker ein fagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev i 100% stilling til vårt team på ØNH, audiopedagogisk poliklinikk.
Audiopedagogisk poliklinikk er ein del av ØNH seksjonen på Ålesund sjukehus. Vi arbeider tverrfagleg for å gi eit godt tilbod for barn med nedsett høyrsel i Møre og Romsdal. Ein del av tilbodet inneber poliklinisk rehabilitering der barn med nedsett høyrsel får vere i grupper der vi legg til rette for ulike aktivitetar som frammar høyrsel- og språkutvikling. Vi observerer og gir veiledning. I stillinga som fagarbeider/barne- og ungdomsarbeidar vil du være en del av dette teamet!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Vere med å planleggje og leggje til rette for ulike aktivitetar for barn i ulike aldrar
- Observere barns utvikling på ulike område
- Ha ansvar for ein del praktiske oppgåver som vask av leikar, rydde avdelingane og leggje til rette for ei ny veke
- Planleggje og halde oversikt over ulike oppgåver, til dømes overnatting til pasientar ved behov, vask og bestillingar i Nutshell
- Delta på møter
- Dokumentasjon i samband med opphald
Kvalifikasjonar
- Utdanna fagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev
- Erfaring med å arbeide med barnegrupper eller barn
- Kunnskap om barns utvikling
- Det er ein fordel med noko kompetanse innan teikn
- Ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Evne til å både arbeide sjølvstendig og i team
- Vere strukturert og god på planlegging
- Vere omsorgsfull og ein aktiv vaksen i samspel med barn
- Evne til å skapa gode og trygge relasjonar til barn
- Fleksibilitet med tanke på å utføre ulike arbeidsoppgåver
- Lærevillig
Personlig egenskaper vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, +47 70105271, monika.berget@helse-mr.no
Vibeke Marie Røvik, Spesialpedagog, +47 70106076
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4960972529
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025