Hyllestad Barnehage
Eg kan – eg vil – saman får vi det til!
Vil du vere med og skape eit trygt og utviklande miljø for barn fylt med humor, glede og gode relasjonar? Set du barna først og kjenner deg att i vår visjon?
Då vil vi gjerne ha deg som vår nye kollega!
Hva vi ser etter
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Beherske norsk godt
Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
Like å jobbe sjølvstendig og i team
Fagleg engasjert
Du må være aktiv i leik og ha ein god porsjon humor, kreativitet og galskap
Glad i å være ute
Verdiar som tillit, respekt, openheit og inkludering er viktige i utviklinga av Hyllestadsamfunnet, og dette ser vi etter hjå deg som søkjar. Verdiar og personlege eigenskapar vil vere viktig i stillinga.
Vi er oppteken av mangfald og likestilling, menn vert oppmoda om å søkje. Etter forskrift om særbehandling kan mannlege søkarar gis fortrinn til stilling ved tilnærma like kvalifikasjonar.
Arbeidsoppgaver
-
Vere ein god, raus og omsorgsfull vaksen i samspel med barna
-
Delta i det pedagogiske arbeidet i barnehagen og på avdeling i tråd med rammeplan og årsplan for barnehagen
-
Vere med og bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og god tone på avdeling/i barnehagen
-
Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer og foreldre
Vi tilbyr
-
Gode høve til å leike — kvar dag — både ute og inne!
-
Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
-
Løn etter tariff.
-
Medlemsskap i Noreg si beste pensjonsordning, KLP.