Luster kommune Luster oppvekstsenter
Vår barnehage har for tida 48 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, omtrent halvparten av dei i barnehagen.
Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar.
Vår visjon:
Luster oppvekstsenter – ein god stad å vere, leike og lære.
Stillingsinformasjon
- Luster oppvekstsenter avd barnehage søkjer etter fagarbeidar/assistent 100 % vikar i tida 13.08.25-31.12.25. Vikariatetet kan bli forlenga ut barnehageåret 2025-2026
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning som fagarbeidar i barne- og ungdomsfaget og gjerne relevant erfaring
- Annan relevant utdanning/kompetanse kan vurderast
- Krav til norskdugleik: Generelle Krav
Krav til andre ansettelser i barnehagen
Personer med et annet førstespråk enn norsk eller samisk, må ha avlagt en norskprøve. I tillegg må de ha oppnådd nivå A2 på delprøven i skriftlig framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståelse, lytteforståelse og muntlig kommunikasjon. Nivåene A2 og B1 skal tilsvare nivåene beskrevet i Det felles europeiske rammeverket for språk (CEFR).
Personlege eigenskapar som vert vektlagde
- auge for det einskilde barn
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- har god leikekompetanse saman med barn både ute og inne
- gode samarbeidsevner
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
- kjenner seg heime i visjonen vår
- ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt
- evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her