Coop Nordvest SA
Extra Volda har eit ledig vikariat i 100 %, med muligheit til fast ansettelse. Er du ein strukturert og serviceinnstilt person med intresse for daglivarebransjen ? Og ynskjer du ein variert og ansvarsfull jobb i eit hektisk og hygglig miljø? Då kan dette vere jobben for deg. Arbeidstida er dag,kveld og anna kvar helg.
Abeidsoppgåver:
- Kundebehandling
- Varemottak/Varepåfylling
- Kasse/tipping
- Forfallande butikkarbeid,reinhald og rydding.
Vi ser etter deg som er:
Pålitlig,hjelpsom og imøtekommande og set alltid kunden først.Du jobbar strukturet og sjølvstendig,kan vere fleksibel,likar god orden og taklar hektiske situasjonar med godt humør.Du trivast med fysisk arbeid.Det er viktig for oss at du er blid og bidreg til trivsel for kundane og eit godt arbeidsmiljø i butikken.Du må kunne godt norsk ,både muntlig og skriftlig.Det er fint om du har butikkerfaring men det er ikkje eit krav.Du må ha god kjennskap til bruk av data og apper då det er eit viktig arbeidsverktøy i vår arbeidskvardag.
Hos oss får du:
Varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-kurs program. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtalar.
søknad registrerast digitalt.