Etterforskar økonomi- og miljøkriminalitet

  • Heltid
  • MOLDE, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 22. april 2025

FEFE - Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, Møre og Romsdal politidistrikt

Vil du vere med og bekjempe økonomi- og miljøkriminalitet?

Vi har no ledig stillingar som etterforskar i eit spennande fagmiljø ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet. Er du fagleg engasjert, løysingsorientert og motivert for å bidra aktivt inn i etterforskinga av dei prioriterte sakene til avsnittet  vil vi gjerne høyre frå deg! 

Vi har ledig ei fast stilling i Ålesund, samt eit vikariat i Molde. Vikariatet varar i 8 mnd, med moglegheit for forlenging.

Hovudoppgåver ved avsnittet er etterforsking av alvorleg økonomisk kriminalitet og alvorlig miljøkriminalitet. I tillegg bistår vi i andre saker i politidistriktet som dreier seg om profittmotivert kriminalitet og inndraging av økonomisk utbytte. Avsnittet har også fagansvar for menneskehandel og arbeidslivskriminalitet. Dette arbeidet blir utført i samarbeid med andre etatar i form av kontrollar, etterretning og etterforsking. Dette er ei moglegheit til å gjere ein forskjell. Bidraget ditt vil vere viktig i arbeidet med å beskytte samfunnet mot ulike former for kriminalitet.

Om avsnitt for økonomi- og miljøkriminalitet

Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet ved felles eining for etterforsking, førebygging og etterretning (FEFE) består i dag av avsnittsleiar og ni medarbeidarar med tverrfagleg bakgrunn som politi og /eller utdanning innanfor økonomi. Avsnittet er også samlokalisert med ein bistandsrevisor frå Skatteetaten.  Avsnittet er stadsplassert ved politihuset i Ålesund og politihuset i Molde. Noko reiseverksemd må påreknast i stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre taktiske etterforskingsoppgåver innanfor økonomi- og miljøsaker, samt i andre saker som er tillagt avsnittet
  • Ansvar for eiga portefølje
  • Bidra aktivt i tverretatleg arbeid innanfor avsnittets fagområder
  • Pårekne presentasjon av eige arbeid internt/eksternt medrekna i retten
  • Bidra til at dei faglege oppgåvene som er lagt til seksjonen blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • Andre oppgåver kan tilleggjast ved behov

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode IT- og systemkunnskapar, herunder beherske Excel og/eller andre relevante verktøy

Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Kompetanse og erfaring med taktisk etterforsking
  • Kurs/utdanning eller erfaring med behandling av elektroniske spor
  • Vidareutdanning frå Politi(høg)kolen innan relevante etterforskningsfag
  • Erfaring frå etterforsking av økonomi- eller miljøsaker
  • Anna relevant sivil utdanning innan fagfeltet økonomi og/eller miljøfeltet eller andre relevante utdanningar

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert
  • Løysingsorientert og initiativrik
  • Evne til jobbe godt både sjølvstendig og i team
  • Strukturert og analytisk
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode kommunikasjonsevner 

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • Fast stilling som politibetjent 3/2/1  (stillingskode 1461/1459/1457) Tilsetjing er avhengig av kompetanse,jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
  • Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 585 000 – kr. 680 000
  • Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 525 000 – kr. 580 000
  • Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 500 000 – kr. 560 000
  • Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • Godtgjering etter gjeldande ATB på kr. 41 806 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønnsplassering og høgare stillingskode bli vurdert
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på  www.spk.no/medlemskap-i-spk
  • Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida 
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og knytt til bedriftshelseteneste
  • Tilsetjing skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Marius Haugland Martinsen, Fung.avsnittsleiar, 41523862

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4944724808
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling, Vikar
Søknadsfrist: 23.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted