Øyane distriktspsykiatriske senter/ Øyane psykosepoliklinikk FACT, Helse Bergen HF
Vil du bruke dine eigne erfaringar til å gjere ein forskjell?
Psykosepoliklinikk FACT ved Øyane DPS søker ein engasjert erfaringskonsulent i fast stilling. Som ein del av eit tverrfagleg team vil du bidra til å styrke brukarperspektivet og fremme recovery-orienterte tenester for personar med alvorlege psykiske lidingar.
Erfaringskonsulenten inngår i eit team beståande av psykiater, psykologspesialist, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, seksjonsleiar, musikkterapeut, arbeids- og utdanningsspesialist og IPS-jobbspesialist. Vi samarbeider tett med Askøy og Øygarden kommune.
Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken ligg i naturskjønne omgivnadar på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 minutt køyring frå Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år. Kommunane er i vekst, og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt under utvikling.
Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Delta i pasientbehandling og tverrfagleg samarbeid med formål om å styrke recovery
- Bidra med erfaringskunnskap i behandling og tenesteutvikling
- Synleggjere brukarperspektivet og bidra med erfaring i teamets behandlingsmøte og i dialog med pasientar og pårørande
- Dokumentere arbeidet som blir utført
- Delta i og leie grupper
Kvalifikasjonar
- Gjennomført MB-utdanning eller tilsvarande
- Du må sjølv ha mottatt hjelp for rus – og/eller psykiske helseutfordringar, og har eit avklart og reflektert forhold til dette
- Det blir lagt stor vekt på eigen erfaring og om kandidaten er eigna til stillinga
- Studiar/studiepoeng frå relevant utdanning er ikkje eit krav, men kan vere ein fordel
- Erfaring frå liknande arbeid er ønskeleg
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Reflektert forhold til eigne erfaringar
- Evne til å dele erfaringskunnskap og bygge relasjonar
- Gode samarbeids- og formidlingsevne
- Strukturert, fleksibel og initiativrik
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Tverrfagleg team med høg fagleg kompetanse og godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Inkluderande arbeidslivsbedrift (IA)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hege Cecilie Sulen Lindtner, Seksjonsleiar, 92065951
Arbeidsstad
Blombakkane 75
5354 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4973308961
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025