Voss herad Villa Gjerdebu
Om avdelinga:
Villa Gjerdebu avlastning er ein avlastningsheim for born og unge med ulike funksjonsvariasjoner. Det vil variera kor mange born og unge som oppheld seg på Villa Gjerdebu
- 80 % fast stilling med dag/kveld og langvakter med arbeid kvar 4. helg som vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning
- 2 faste helgestillingar i ca 20% med arbeid kvar 4. helg med langvakter. Søkjer relevant fagutdanning,assistent kan verta vurdert
- Rekrutteringstillegg for vernepleiar på kr. 16 000,- ved nytilsett i Voss herad
Arbeidsoppgåver:
- bistå bebuar i dagliglivet sine gjeremål og medverke til at den enkelte tek i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjølvstende
- bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i verksemda
- dokumentering i pasientjournalprogramm, det vil bli gitt opplæring
- kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
- Primærkontaktoppgåver
- andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
- som tilsett skal du vere med å bidra til at teamet yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske med funksjonsvariasjonar
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som vernepleiar, helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning
- gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- har god fagleg kunnskap og kjennskap til relevant lovverk
- Gode datakunnskapar
- førarkort klasse B
- erfaring i målretta arbeid til personar med ulike funksjonsvariasjonar
Me ynskjer deg som:
- Me ynskjer deg som er fagleg dyktig og opptatt av kvalitet i arbeidet du utfører.
- Du må kunne byggja og vedlikehalda gode relasjoner.
- Vera ein trygg vaksen både for brukar og pårørande.
- Pliktoppfyllande og ansvarsfull.
- Kunne arbeida sjølvstendig og i team.
- Er kreativ og løysningsorientert.
- Har evne til å skapa åpenheit, tillit og tryggleik.
- Kjennskap til journalprogrammet Aidn.
- Kjennskap til brukargruppa.
- Du må ha førarkort klasse B.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stilling
Me tilbyr:
- tverrfagleg samarbeid
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- rekrutteringstillegg for vernepleiar på kr. 16 000,- ved nytilsett i Voss herad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evnt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her