Er du vår nye reinhaldar?

  • Heltid
  • , NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 9. august 2025

Vi har ledig ei fast stilling som reinhaldar i 100 % stilling.

Reinhald er viktig for folkehelsa og trivselen i samfunnet vårt. Visste du at reinhaldstilsette bidreg til å sikre eit godt inneklima for born og unge i skular og barnehagar? Kunne du tenkje deg å bli ein del av reinhaldstenesta i Lom og på den måten bidra til reine omgjevnader for alle i kommunen?

Vi har ledig ei fast stilling som reinhaldar i 100 % stilling og søkjer ein person som har gode samarbeidsevner, er fleksibel, løysingsorientert og inkluderande i arbeidet sitt, både i møte med kollegaer og brukarar.

Som reinhaldar i Lom kommune vil du ha ansvar for dagleg og periodisk reinhald på skular, barnehagar og andre offentlege bygg. Arbeidsdagen din vil vere varierte og meiningsfulle. Du blir ein del av tenesteområdet kommunal eigedom, med gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.

Kvalifikasjonar

• Fagbrev innan reinhald er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for dette.

• Grunnleggjande digital kompetanse, då jobben inneber bruk av digitale verktøy.

• God munnleg og skriftleg språkforståing på norsk.

• Førerkort klasse B er ønskjeleg, men ikkje et krav.

• Krav om godkjent politiattest

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted