Er du vår nye pastor?

  • Deltid
  • VOLDA, NORGE
  • 30. desember 2025

Volda Frikyrkje, Den Evangeliske Lutherske

Volda Frikyrkje søker etter pastor i 60-80% stilling

Vi søker etter pastor som er glad i menneske, som evner å bygge relasjonar og som ikkje er redd for å tenke nytt.

Nøkkeloppgåver:

  • Leie utviklinga av kyrkjelyden

  • Forkynne og vere med å forme gudstenestelivet

  • Ha eit spesielt fokus på barn, unge og familiar

  • Utruste leiarar og følgje opp frivillige

Ønska Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på universitet- eller høgskulenivå, eller relevant erfaring

  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

  • Formidle livsnær tru gjennom liv og forkynning

  • Engasjement for unge si tru.

  • Personleg utrustning og gode samarbeidsevner vert vektlagt

Om to søkarar ynskjer å dele på stillinga, er vi opne for det.

Den tilsette vil ha anledning til å kunne påverke både arbeidsoppgåver og satsingsområde. Stillingsinstruksen vil bli utforma i samarbeid med den som vert tilsett.

Pastor er forplikta til å lære og leve i samsvar med Guds ord og den Evangeliske Lutherske bekjennelse. Løn og pensjon etter Frikyrkja sitt avtaleverk.

Søknadsfrist: 31. desember

Jobbsted