Er du vår nye overlege?

  • Heltid
  • FØRDE, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 2. august 2025

Radiologisk avdeling, Helse Førde

100% fast stiling som overlege i radiologi – Førde sentralsjukehus. 

Er du spesialist i radiologi og på jakt etter nye utfordringar i eit fagmiljø med høg kompetanse og godt samhald? Ønskjer du ein kvardag med fagleg utvikling, brei praksis og eit inkluderande arbeidsmiljø?

Då kan overlegestillinga ved radiologisk seksjon i Førde vere noko for deg! Treff nokre av våre tilsette i denne flotte videosnutten!

Kvifor velje Førde?

Hos oss får du

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag med breitt spekter av undersøkingar og prosedyrar
  • Moglegheit til å påverke fagleg utvikling og delta i forsking og kvalitetsarbeid
  • Eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og verdsett
  • Tett samarbeid med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med låg terskel for å dele kunnskap og stille spørsmål

Stillinga som overlege innheld vakt. Vi er fleksible i høve oppstartstidspunkt.

Dette tilbyr vi:

  • Ei fast overlegestilling i eit sterkt og stabilt fagmiljø
  • Gode moglegheiter for vidareutvikling innan fag og undervisning
  • Deltaking i vaktordning med fleksibilitet og god balanse mellom arbeid og fritid
  • Rekrutteringstillegg og konkurransedyktige vilkår
  • Sosiale arrangement og eit kollegium med mykje humor og støtte i kvardagen

Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss!

Kvalifikasjonar (overskrift)

Kven passar stillinga for?
Vi ser etter deg som:

  • Er ferdig spesialist i radiologi
  • Er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Har gode kommunikasjonsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Avdelinga har omlag 70 tilsette, der 20 er legar. Ved seksjonen i Førde har vi 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no 

Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!

I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.  

Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Børge Stavland, Avdelingssjef, +47 57839393

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4988340908
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted