Bømlo kommune
Vil du bidra til ein arbeidsplass der folk trivst og utviklar seg? Brenn du for menneske, gode prosessar og smarte digitale løysingar? Då kan dette vere di drøymestilling!
I HR-avdelinga i Bømlo kommune får du ein variert og meiningsfull jobb der du blir ein viktig ressurs både strategisk og praktisk. Me arbeider for ein organisasjon der tilsette blir ivaretekne, leiarane får god støtte, og utvikling er ein naturleg del av kvardagen. Du blir ein del av eit engasjert team som samarbeider tett, deler kunnskap og støttar kvarandre. Bli med å forme framtidas HR-tenester i Bømlo kommune! Søk via Webcruiter og legg ved relevante vedlegg – me gler oss til å bli kjent med deg!
Hos oss får du:
- Moglegheiter til å lære, påverke og skape – gjennom tverrfaglege prosjekt og samarbeid.
- Spennande oppgåver som gir variasjon og fagleg vekst.
- Konkurransedyktig løn og gode vilkår som gir deg tryggleik og rom for utvikling.
- Pensjon og forsikring som sikrar deg – både på jobb og i livet.
- Tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder både på kebaben og til fjells.
Din arbeidskvardag:
- Gje råd og støtte til leiarar i HR-spørsmål i tråd med lov- og avtaleverk.
- Tilretteleggje for gode prosessar innan rekruttering, strategisk kompetanseutvikling og medarbeidarskap.
- Bidra til helsefremjande arbeidsmiljø og utvikling av ein sterk organisasjonskultur.
- Leie og delta i spennande prosjekt som styrkjer organisasjonen og fremjar innovasjon.
- Delta i utvikling av digitale HR-løysingar som gjer arbeidet enklare, smartare og meir datadrevet.
- Utvikle og følgje opp rutinar, retningslinjer og system som sikrar kvalitet i HR-arbeidet.
Oppgåver kan tilpassast kompetansen din, og endringar kan førekome.
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing, psykologi, jus eller liknande. Rett erfaring kan
kompensere for manglande utdanning. - Gode norskkunnskapar og kan uttrykke deg godt både skriftleg og munnleg.
- Erfaring frå stilling som HR-rådgjevar eller tilsvarande.
- God digital kompetanse, inkludert erfaring med digitale verktøy.
Det er positivt om du har:
- Relevant mastergrad.
- Erfaring med prosjektarbeid og/eller utviklingsarbeid.
- Kompetanse i bruk av HR-data til analyse, statistikk og prosessforbetring.
Personlege styrkar
Me ser etter deg som:
- Kommuniserer ope og tydeleg, byggjer tillit og gode relasjonar som fremjar inkludering.
- Er lett å samarbeide med, tek initiativ og jobbar målretta og strukturert for gode løysingar.
- Har eit stort engasjement, bidreg med positiv energi og driv fram endring og utvikling.
Ved vurdering av søkjarar legg me vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Praktisk informasjon:
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Me ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje – uavhengig av bakgrunn.
- Alle søkjarar kjem på offentleg søkjarliste. Vil du stå anonymt? Då må det vere særlege grunnar, jf. Offentleglova § 25.
- Send elektronisk søknad via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar. I søknaden vil du få nokre spørsmål knytt til dine kvalifikasjonar for stillinga.
- Har du spørsmål om stillinga, ring eller send Vanja ei melding 🙂
Kontaktinformasjon
Vanja Espeland, HR-sjef, 480 17 825, Vanja.Espeland@bomlo.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5043874248
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.01.2026