Er du vår nye biblioteksjef?

  • Heltid
  • SANDANE, NORGE
  • 3. januar 2026

Kultur, Gloppen kommune

Gloppen folkebibliotek er plassert i hjarte av kultursenteret i kommunen – Kulturhuset Trivselhagen. Vi søkjer etter ein engasjert biblioteksjef som vil vidareutvikle det gode bibliotektilbodet vi har i kommunen.

Gloppen folkebibliotek er ein pulserande arbeidsplass med sin samlokalisering i lag med Firda vgs, Kulturhuset Trivselshagen og Gloppen kulturskule. I tillegg til biblioteket er her kultursal/konsertscene, kino, kafé, dansesalar, dramasal og møterom. Utanom biblioteket sine ordinære opningstider med betjening, har vi meirope bibliotek frå kl 07 – 23 kvar dag. Dette gjer biblioteket svært tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen. Biblioteket vårt er moderne og nyoppussa, med ein god atmosfære. Ein populær stad der det er godt å vere!

Som biblioteksjef får du ein variert og meiningsfull kvardag, med ansvar for å drifte og vidareutvikle bibliotektilbodet i kommunen. Folkebiblioteket si overordna rolle er å bidra til kulturformidling, demokratiutvikling og tilgang for alle, og er sentralt for biblioteket sitt breie samfunnsoppdrag. I jobben som biblioteksjef får du høve til å påverke og realisere idear som stettar dette.

På biblioteket vårt vert det skapt leseglede for dei alle minste til folk i alle alder. Vi har godt samarbeid med lag- og organisasjonar om ulike arrangement og foredrag på biblioteket. Eksterne tilskotsmidlar og prosjektarbeid er også ein viktig del av biblioteksjefen sin kvardag for å vidareutvikle bibliotektilbodet vårt.

Gloppen folkebibliotek har i dag 2,7 årsverk, og fungerer som skulebibliotek for Firda vgs med elevar og lærarar. Biblioteksjefen inngår i kultureininga si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for drift og utvikling av biblioteket
  • Vidareutvikle biblioteket som ein lågterskel møteplass og ein synleg kulturaktør i lokalsamfunnet
  • Vere pådrivar for utviklingsarbeid og samskaping med andre aktørar
  • Tverrfagleg samarbeid lokalt og interkommunalt
  • Vere del av turnus på skrankevakt

Kvalifikasjonar

  • Godkjent bibliotekfagleg utdanning i tråd med folkebiblioteklova § 5
  • Det kan søkjast om dispensasjon frå kravet om fagutdanna biblioteksjef dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar
  • Erfaring frå arbeid i bibliotek eller tilsvarande er ein fordel
  • God kjennskap til litteratur og digital kompetanse
  • God i både skriftleg og muntleg framstilling, samt beherske engelsk godt

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein biblioteksjef som

  • er engasjert i å vidareutvikle biblioteket som møteplass for litteratur, kunnskap og kulturformidling
  • er omstillingsdyktig og serviceinnstilt
  • er ein engasjert formidlar innan litteratur
  • jobbar systematisk og løysningsorientert
  • har gode samarbeidsevner både internt og eksternt, og byggjer gode relasjonar
  • bidreg til heilskapleg tenesteutvikling i leiarteamet på kultur, idrett og fritid

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass i eit moderne bibliotek som ligg i eit pulserande miljø i Kulturhuset Trivselshagen.
  • Løn etter avtale.

Kontaktinformasjon

Birte Fossheim, Kultursjef, +47 924 77 248

Arbeidsstad

Firdavegen 21
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5046216024
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted