Er du strukturingeniør og på jakt etter nye utfordringar? 

  • Heltid
  • STORD, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 29. september 2025

Leirvik AS si ingeniøravdeling tel om lag 100 høgt kvalifiserte medarbeidarar med variert bakgrunn og fagkompetanse. Vi er stadig på jakt etter dyktige strukturingeniørar som kan vere med å utvikle og styrke vår kompetanse innan struktur og marine konstruksjonar. 

For å komme i kontakt med dei rette kandidatane har vi difor lagt ut ei open stillingsutlysing, og vi vurderer søknader fortløpande.

Vi ser etter både erfarne ingeniørar og nyutdanna eller studentar i avsluttande fase av masterstudiet. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg, utviklande og engasjerande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Analyse og design av lastbærande strukturar i aluminium og stål
  • Berekningar og dokumentasjon av plate og fagverkskonstruksjonar
  • Planlegging og dokumentasjon av løft og transport av større seksjonar/modular
  • Fagleg ansvarleg i prosjekt innan struktur, marine og vekt
  • Kontakt med kunde, tredjepart-verifikatør og andre aktørar i prosjekt
  • Koordinering og samarbeid med andre fag

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan konstruksjon/marineteknikk/byggteknikk/matematikk/fysikk – kortare utdanningsløp kan kompenseres med lang og relevant arbeidserfaring
  • Kjennskap til aktuelle regelverk som Norsok, Eurocode og DNVGL
  • Erfaring med FE-beregningsprogram, lokalanalyse og handberekningar
  • Forståing for global og lokal lastpåkjenning på konstruksjonar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i eit inkluderande og fagleg fellesskap
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Løysningsorientert
  • Kunne jobbe strukturert og sjølvstendig

Me tilbyr

  • Eit godt og trygt arbeidsmiljø i "Leirvik-familien"
  • Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar
  • Gode pensjons- og velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Alfred Gregersen, Resource Manager structure/marine/weight, +47 98263486
Stine Eide Halleraker, Senior HR-rådgivar, 93484910

Arbeidssted

Storhaugvegen 130
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Leirvik AS

Referansenr.: 4992944955
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted