Odda sjukehus
Då må du sikre deg ein lærerik deltidsjobb – og få 20 000 kr i stipend!
Som sjukepleiarstudent på 1. året kan du fra august 2025 få ein fast jobb ved sida av studiet, jobbe på sjukehus og bli ein del av eit trygt og lærerikt fagmiljø.
Du jobbar 10 helger og 5 veker i sommarferien – og får 20 000 kr i stipend utbetalt i månadlege rater. Vi tilpassar turnus etter kva du har tid og kapasitet til.
I tillegg får du erfaring frå spesialisthelsetenesta, noko som gjer deg godt rusta for vidare studieløp og framtidig jobb.
🏥 Vel avdeling sjølv – kirurgi, medisin eller psykisk helsevern? Søk deg dit du er mest nysgjerrig eller har hatt praksis.
💡 Vi tilsetter fortløpande – så ikkje vent! 💥Søk no!
Kva går jobben ut på?
- Du tar del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane.
- Du blir ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider om pasientane – kvar dag.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du er 1. års sjukepleierstudent.
- Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro
- trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk
- tek ansvar og er sjølvstendig
- er nysgjerrig og liker å lære
Kvifor skal du velje oss?
Jo, for hos oss får du:
- Lønn, stipend og praksis i ett.
- Verdifull erfaring.
- Tilhørighet i eit fagleg miljø.
- Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gunvor Line Steinsland, Rådgiver HR, 52732079, gunvor.line.steinsland@helse-fonna.no
Kitty Elise Lind Fremmersvik, Rådgiver HR, 52732160, kitty.elise.lind.fremmersvik@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4988406093
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025