Er du sjukepleiaren som vil gjere ein forskjell i akuttpsykiatrien?

  • Heltid
  • VALEN, NORGE
  • 16. desember 2025

Akuttpsykiatrisk post Valen sjukehus

Då kan du vere med å gjere ein forskjell når det betyr som mest?

Hos Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.

Her får du moglegheita til å utvikle deg, lære nytt og bli ein del av eit inkluderande team som alltid set pasienten først.

👉Søk no og bli med på laget vårt!

Arbeidsoppgåver

  • Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar.
  • Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten.
  • Utforme behandlingsplanar.
  • Gjennomføre strukturerte samtalar med pasientar i krise gjennom vårt behandlingstilbod "Krisepakke".
  • Rettleingsansvar for studentar.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient.
  • taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning.
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø.
  • er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg.
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig.
  • etterspør rettleiing.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs.
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon og i behandlingstilbodet "Krisepakke".
  • God opplæring, internundervisning og rettleiing.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

Kontaktinformasjon

Merete Gravdal, Funksjonsleiar, 53466474

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5049457076
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 19.01.2026
Søknadsfrist: 17.12.2025