Ulstein Verft AS
Er du ein pådrivar? Då har vi noko til felles.
Ulstein er ein internasjonal og nyskapande aktør innan maritime løysingar. I over 100 år har våre medarbeidarar utvikla framtidsretta skip, design og teknologi for den globale maritime industrien.
Er du klar for å bli Arbeidsleiar for stål i Ulstein Verft? Her får du leie fagområdet stålutrustning i produksjonen. Du vil ha ei sjølvstendig stilling med koordinering av personell, og bidra til vi får til eit godt samarbeid i prosjekta våre så dei vert gjennomført med kvalitet og presisjon.
Vi kan tilby deg en spanande arbeidsplass med kjekke kollegaer, fleksitid og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein!.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og leiing av arbeid om bord i nybygg og ved reparasjonsoppdrag
- Time- og bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
- Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar
- Oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar
- Delta på inspeksjonar og utføre kvalitetskontroll på utført arbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som industrimekanikar eller sveisar. Relevant erfaring frå maritim industri kan kompensere for manglande formell utdanning
- God tverrfagleg teknisk forståing
- God teikningsforståing
- Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil bli tillagt vekt
- Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
- Leiarferdigheiter; erfaring med personalansvar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Fagleg interessert
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Positiv, engasjert og med god arbeidsmoral
- Sjølvstendig og med høge krav til eige arbeid
- Resultatorientert og initiativrik
- God HMS-haldning
Vi tilbyr
- Fleksitidsavtale
- Godt fagleg miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Stig Slettebakk, Manager Steel Department, 915 81 013
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 5048711369
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026