Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift, Helse Bergen HF
Hospitaldrift har 8 einingar, om lag 815 medarbeidarar og leverer ikkje-medisinske tenester til Haukeland universitetssjukehus. Vi driv med portørtenester, forsynings-tenester, varedistribusjon, avfallshandtering, og varemottak. Lagar mat til pasientar, pårørande og tilsette. Reingjer tekstilar og senger, utfører reinhaldstenester. Vi driv òg eit kurs- og konferansesenter, sikkerheitstenester og bemannar sentralbordet.
Kvar sommar har vi behov for dyktige og engasjerte sommarvikarar som kan bidra til å oppretthalde den daglege drifta ved sjukehuset. Vi søker sommarvikarar til fleire av einingane i Hospitaldrift. I søknaden må det komme tydeleg frem, i prioritert rekkefølge, kva eining du ønsker å arbeide i, og i kva periode du kan arbeide. Søkarar må fylle 18 år innan 2026 og kunne jobbe i minimum 4 veker samanhengande. Ferieperioden i Hospitaldrift strekk seg frå veke 25 til 33, og dei søkarane som kan jobbe flest veker i denne perioden vil bli prioriterte. Aktuelle kandidater blir kontaktet fortløpande.
Dei fleste einingane i Hospitaldrift har turnusarbeid, hovudsakleg på dag, ettermiddag, kveld og helg. Vårt arbeidsspråk er norsk, og gode norsk kunnskapar, skriftleg så vel som munnleg, er nødvendig. Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vera psykisk krevjande.
I år har vi ledige sommarvikariat ved desse einingane:
Forsyningsportør (17). Kontakt: Unni Stensland, Tlf. 95921576. Bestilling av varer, tøy, væske frå apotek til avdelingar, levere prøvar til Lab., handtering av avfall og skittentøy samt transport av senger. Ønskeleg med truckførarbevis T1.
Pasientportør (17). Kontakt: Trine Anette Clausen, Tlf. 93670694. Transport av pasientar internt på sjukehuset. Ønskeleg med førarkort kl. B og/eller truckførarbevis T1 og førstehjelpskurs.
Miljøhall- og varetransport (4). Kontakt: Erik Njaastad Bauge, tlf. 91395660. Sjåføroppgåver innan varedistribusjon og renovasjon. Førerkortklasse C eller C1, YSK Gods. Søkarar med klasse B ønskes også velkommen. Fordel med truck T1-T5. Opplæring med lønn frå veke 24.
Sentralforsyninga – varemottak og hovudlager (2). Plukke, pakke og sende varer i transportanlegg, samt handtere bakker i vaskeanlegg. Ønskeleg med erfaring frå lagerarbeid.
Matforsyning. Kontakt: Evy Førland Sander, Tlf. 55974904. Vi utviklar, produserer og distribuerer mat til pasientar, pårørande og tilsette. Arbeidet i spisestuene er å slutt-tilverke og anrette maten til pasientane, samt oppvask og rydding. Vi treng matvertar i spisestuene på Nordås, Engen og Haukeland sjukehus.
- Matvert i Spisestuene (32)
- Kjøkkenassistent i Sentralkjøkkenet (4)
- Medarbeider i cafe/kantine (1-3)
Tekstilforsyning (8). Kontakt: Christine Grimstad, Tlf. 92619705. Produksjon, distribusjon, mottak og sortering av personal- og pasienttøy. Handtering av tøy med ulike maskinar. Plukke og pakke tøy, samt levere tøy rundt om på sjukehuset med truck. Ønskeleg med truckførarbevis T.
Arbeidsoppgåver
- Forsyningsportør: Bestilling av varer, tøy, væske frå apotek til avdelingar, levere prøvar til Lab., handtering av avfall og skittentøy samt transport av senger
- Pasientportør: Transport av pasientar internt på sjukehuset
- Miljøhall- og varetransport: Sjåføroppgåver innan varedistribusjon og renovasjon
- Sentralforsyninga: Plukke, pakke og sende varer i transportanlegg, samt handtere bakker i vaskeanlegg
- Matforsyning: Utvikle, produsere og distribuere mat til pasientar, pårørande og tilsette ved sjukehuset. Arbeidet i spisestuene er å slutt-tilverke og anrette maten til pasientane, i tillegg til oppvask og rydding
- Tekstilforsyning: Produksjon og distribusjon av personaltøy og pasienttøy til sjukehuset. Mottak og sortering av personaltøy og pasienttøy. Handtering av tøy med ulike maskinar
Personlege eigenskapar
- Du er punktleg og påliteleg
- Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du arbeidar godt i lag med andre, og tar ansvar for at jobben blir gjort skikkeleg
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Christine Grimstad, Seksjonsleiar Tekstilforsyning, 92619705
Unni Stensland, Seksjonsleiar Forsyningstenesta, 95921576
Trine Anette Clausen, Seksjonsleiar Pasientportørtenesta, 93670694
Evy Frøland Sander, Seksjonsleiar Matforsyning, 55974904
Erik Njaastad Bauge, Seksjonsleiar Miljøhall- og varetransport, 91395660
Glenn Kristiansen, Driftskoordinator Forsynings- og innkjøpssenteret, 55973443
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5071078172
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.03.2026