Er du Helsetilsynets nye  kommunikasjonsdirektør? 

  • Heltid
  • OSLO, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 23. august 2025

Statens helsetilsyn

Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for det faglege tilsynet med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetanseoppbygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.

Helsetilsynet og statsforvaltarane har ein ny, felles strategi for perioden 2025-2035, med mål om at tilsynet skal vere samordna, ha effekt, og vere kunnskapsbasert.

Vår nye kommunikasjonsdirektør vil få ei sentral rolle i å sørge for strategisk og proaktiv kommunikasjon rundt endringar og prioriteringar i tråd med strategien. Kommunikasjonsdirektøren skal òg leie arbeidet med å formidle erfaringer og resultat frå tilsynsaktivitetane, og vil på denne måte bidra til betre tenester for brukarar, pasientar og pårørande. 

Kommunikasjonsdirektøren rapporterer til direktør, og vil ha personalansvar.

Arbeidsoppgåver

  • ansvar for ekstern og intern kommunikasjon, blant anna utvikling av kommunikasjonsstrategi, policyer og planar i tråd med Helstilsynet sin strategi 
  • ansvar for mediehandtering og kommunikasjonsberedskap i samarbeid med leiarane i organisasjonen 
  • bistå leiarar og medarbeidarar med budskapsformidling, historiefortelling og kommunikasjonstrening 
  • bidra til å bygge ein sterk kultur som set oss i stand til å nå måla våre 
  • leie arbeidet med Helsetilsynet sitt intra- og internett og sosiale medier 

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • relevant høgare utdanning
  • relevant leiarerfaring, fortrinnsvis frå ei kunnskapsintensiv verksemd eller frå anna statleg verksemd
  • brei strategisk og operativ erfaring frå kommunikasjonsarbeid, inkludert mediehandtering og krisekommunikasjon
  • god rolleforståing – og forståing for tilsynet si rolle og mandat
  • erfaring med omstilling og endring
  • interesse for, og gjerne erfaring med, utvikling av digitale flater for kommunikasjon
  • meget god forvaltingskompetanse og kjennskap til statleg forvalting 
  • god skriftleg framstillingsevne, både på bokmål og nynorsk

Ønskte kvalifikasjonar:

  • kjennskap til våre tilsynsområde
  • arbeidserfaring frå statleg forvaltingsorgan

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som tar initiativ, er løysingsorientert, har stor arbeidskapasitet og god evne til å bygge relasjonar.

Du må:

  • ha god kommunikasjonsevne på norsk
  • vere resultat- og utveklingsorientert
  • ha gode leiareigenskapar
  • ha evne til å utvekle og gjennomføre strategiar

Vi legg stor vekt på at du har god rolleforståing, og at du er personleg eigna.

Vi tilbyr:

Stillinga blir lønna etter avtale. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. 

Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke.

Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn.  Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn.  Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort  sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.   

Kontaktinformasjon

Kirsti Hellesylt, Avdelingsdirektør, 21 52 98 25
Sjur Lehmann, Direktør, 21 52 98 00

Arbeidssted

Møllergata 24
0179 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn

Referansenr.: 4975041107
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 24.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted