Osterøy kommune
Om stillinga
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge som vi er veldig stolte av. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9 -11 pasientar. Me har eige kjøkken, eigen lege og eit eige sjukepleiarteam. Kvar gruppe har sin primærsjukepleiar som samarbeider tett med gruppane.
Vi søkjer ein helsefagarbeidar til ei 100 % fast stilling med lange vakter på 14 timar ved avdeling for personar med demens. Stillinga har ordinær todelt turnus med arbeid kvar 4. helg.
Som helsefagarbeidar har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og i den daglege drifta av gruppa. Du deltek på legevisitt saman med sjukepleiar, og vi planlegg kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver og ansvarsområde.
Kven søkjer vi etter?
Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg – eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
- Ei spanande og gjevande stilling
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP
Arbeidsoppgåver
- Heilskapeleg omsorg og pleie
- Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
- Målretta miljøarbeid
- Primærkontaktoppgåver
- Dokumentasjon, kvalitetssikring av tiltak og oppfølging av pleieplanar
Kvalifikasjonar
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Relevant vidareutdanning er ein fordel
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk