Er du god på koordinering og klar for å ta fagleg ansvar? Bli Disiplinleiar Maskin og Rør i Ulstein!

Ulstein Verft AS

Er du ein pådrivar? Då har vi noko til felles.

Ulstein er ein internasjonal og nyskapande aktør innan maritime løysingar. I over 100 år har våre medarbeidarar utvikla framtidsretta skip, design og teknologi for den globale maritime industrien. Er du klar for å bli Disiplinleiar Maskin & Rør i Ulstein Verft? Her blir du fagansvarleg og ein nøkkelperson i prosjekta med ansvar for koordinering av personell og trygge kvalitet i leveransane.

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein!

Oppgåver du vil jobbe med

  • Ta leiinga for ditt fagfelt i prosjektet
  • Sikre at produksjonen leverer i tråd med spesifikasjonar – til rett tid og innanfor timeramma
  • Koordinere aktivitetar og ressursar innanfor fagområdet i produksjonen
  • I periodar kunne gå inn i rolla som assisterande prosjektleiar for nybygg
  • I periodar kunne gå inn i rolla som prosjektleiar i ettermarknadsoppdrag 
  • Følge opp og rapportere avvik – med klare analysar og løysingsforslag
  • Utforme endringsordrar (Change Orders) når prosjektet krev justeringar
  • Fremme god kommunikasjon og samarbeid i prosjekta
  • Ha kontroll på bortsett arbeid og sikre tilstrekkelig bemanning i prosjektet
  • Vere ein viktig støttespelar for Site Team i utlandet

Kunnskap og erfaring vi ser etter

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Har du relevant erfaring frå leiing – og gjerne innan maritim industri vil det vere ein fordel. Du må også kunne å kommunisere både på norsk og engelsk.       

Vi verdset utvikling, både fagleg og personleg, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

  • Gode utviklingsmuligheiter
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt fagleg miljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning

Kontaktinformasjon

Vidar Hungnes, Department Manager – Pipe & Machinery, +47 90960746, vidar.hungnes@ulstein.com
Anne Holm Roppen, HR Advisor, 48924332, anne.roppen@ulstein.com

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 5046624569
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted