Er du flink til å byggje relasjonar og spreie livsglede til dei rundt deg?

  • Heltid
  • ÅL, NORGE
  • 10. januar 2026

Ål kommune Miljøterapitenesta

Me behov for å styrke tenesta med fleire dyktige vernepleiarar / miljøterapeutar i vår avdeling.  I tillegg blir det jobba med å etablere eit butiltak der det er behov for 1/1 bemanning. 

Me søkjer deg som ynskjer å arbeide med tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsvariasjonar, Dette omfattar heildøgns tenester, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand, opplæring og støtte til pårørande. 

Med ny særavtale ( SFS 2310) på plass jobbar me no med nyd alternative turnusordningar med frivillige langvakter inntil 15 timar. For enkelte tiltak er me og i prosess med å søkje om å etablere døgnturnus. 

 Avdeling 2 har følgjande ledige stillingar

  • 100 % stilling som vernepleiar med koordineringsansvar
  • Fleire stillingar inntil 100 % som vernepleiar / sjukepleiar eller mijøterapeut med  3- årig helse- sosialutdanning, Andre med relevant utdanning kan vurderast

Kven er du?

Du er ein trygg, roleg og engasjert fagperson med gode evne til å møte menneske med respekt, varme og struktur. Du har gjerne erfaring med å jobbe med menneske som har autisme, funksjonsvariasjonar, tildels omfattande bistandsbehov, åtferd som utfordrar – og du trivst med å vere ein viktig vaksen i kvardagen deira. Du må være engasjert og ha evne til å stå stødig i krevjande situasjonar og bidra til ro og tryggleik. Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg. Du kan jobbe sjølvstendig, men også i eit samarbeid.

Me ønskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar menn til å søkje. Me ser etter deg som har hjartet på rett stad og ønskjer å gjere ein forskjell.

Hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du:

  • gir heilskapleg og individuell oppfølging til menneske i alderen 5–70 år.
  • blir ein viktig del av eit fagleg sterkt og engasjert team.
  • arbeider med målretta miljøarbeid og livsmeistring i fokus.
  • bidreg til brukarmedverknad, livsglede og utvikling.
  • følgjer opp helse- og omsorgslova kapittel 9.
  • tek del i tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage, PPT, KE og andre instansar.
  • samarbeidar med pårørande.
  • handterer legemiddel og held oversikt over dokumentasjon og rutinar.
  • rapporterer i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk og aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
  • er ein aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper, samt rettleie studentar, elevar og medarbeidarar.

Me søkjer deg som

  • har norsk autorisasjon som vernepleiar / sjukepleiar eller 3-årige helse og sosialfaglege utdanningar på bachernivå og andre pedagogiske utdanningar og relevant arbeidserfaring kan vurderast
  • kjennskap til og gjerne kompetanse i å utforme og gjennomføre vedtak etter kapitel 9 jf. Helse- og omsorgslova
  • meistrar norsk godt – både munnleg og skriftleg (minimum nivå B2).
  • har førarkort klasse B.
  • har evne og vilje til å vere i fysisk aktivitet
  • har god forståing for tryggleik, struktur og omsorg
  • har erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid
  • er framtidsretta i bruk av digitale verktøy og trygg på dokumentasjonssystem. 
  • ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og bidra til utvikling av arbeidsplassen din
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit
  • har evne til å ta imot rettleiing

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
  • spennande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • trygge og dyktige kollegaer som løftar kvarandre.
  • variert og ulike typer vakt lengder og turnuser.
  • moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyre
  • moglegheit for fagleg utvikling gjennom kurs, vidareutdanning og rettleiing.
  • rabattert treningssenter – ta vare på deg sjølv, også!
  • løn etter tariff og gode pensjonsordningar gjennom KLP.
  • rekrutterings- og behaldingstillegg for vernepleiarar i turnus.

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Flytte til Ål?

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! – Ål kommune

Vil du bli ein del av laget vårt?

Då håper vi du sender inn ein søknad! Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt.

Vi gler oss til å høyre frå deg – velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted