Er du assistent eller helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg?   

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 64  plassar fordelt på tre avdelingar.   Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar på korttidsavdelinga. Korttidsavdelinga har 10 plassar der pasientar med eit midlertidig auka hjelpebehov treng eit opphold på sjukeheim. 

På somatisk korttidsavdeling er det ledig fast stilling i 14,08%, kvar 3 helg.

På Osterøytunet ser me på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse, slik at me nyttar rett kompetanse på rett stad. På korttidsavdelinga jobber helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og assistentar saman til pasienten sitt beste.  Me har også sjukepleiarar i team som kan tilkallast ved behov. Som assistent har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og  dagleg drift av gruppa. 

Kven søkjer vi etter?

Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre. og har moglegheit til ein deltidsjobb kvar 3. helg.  Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! 

Høyres dette ut som deg – eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 

Vi tilbyr deg

  • Ei spanande og gjevande stilling
  • God opplæring
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver

  • Hjelp med å laga til måltider og rydde opp etter måltider
  • Stell og pleie etter pasienten sitt behov
  • Samarbeid med helsefagarbeider og sjukepleiar om oppgåver som skal gjerast i avdelinga
  • Målretta miljøarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk 
  • Fagbrev som helsefagarbeider er ynskjeleg, men andre kan også søkja
  • Personleg egnaheit vil verte vektlagt