Engasjerte Matvertar 

  • Deltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 2. august 2025

Drift/teknisk divisjon/Hospitaldrift Matforsyning/ Spisestua seksjon 1, Helse Bergen HF

Helse Bergen søker engasjerte og dyktige matvertar til teamet vårt  og har ledig følgande stillingar:

2x 15% faste stillingar med turnus dag/kveld og fast arbeid kvar tredje helg.

2x 16% faste stillingar med arbeid kvar fjerde helg og ein kveld ca annankvar veke. Denne stillinga er kun kveldsarbeid.

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker på.

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar. 

Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.

Matstovene er open frå kl. 07.00 – 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 21 matstover, 10 matstover i sentralblokka, 1 i Parkbygget, 5 i Glasblokkene, 1 på Nordås, 1 i Sandviken.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt)
  • Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging
  • Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare
  • Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4981233451
Stillingsprosent: 15, 16%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted