Engasjert sjukepleiar søkes til spanande og variert kvardag i heimetenesta

Heimetenesta Nord

Me ser etter deg som har høg fagleg kompetanse og som er oppteken av å gje gode helsetenester til folk i heimen. Som sjukepleiar hos oss får du varierte- og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, i eit triveleg arbeidsmiljø der me er opptatt av fagleg utvikling og samarbeid.

Fleire av våre dyktige sjukepleiarar skal i ut i fødselspermisjon, og derfor har me ledige stillingar i avdeling nord. Me har både ei fast 100% stilling og eit vikariat på 100% i eitt år. Arbeidet går i turnus (dag/ kveld), med jobb kvar tredje helg. Oppstart etter avtale. 

Avdeling nord held til på Kvernaland omsorgssenter i flotte omgjevnader ved Stemmen. Her har me base for heimetenesta, bufellesskap med tre avdelingar, og eit dagsenter for eldre. Som sjukepleiar hos oss vil du få ein variert arbeidsdag der du følgjer opp brukara både i heimen og i bufellesskapet.  

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver i brukar sin heim og på bufellesskap. 
  • Dokumentera etter gjeldande lovverk. 
  • Iverksetta tiltak i samråd med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar. 
  • Medansvarleg for pasientflyt i avdelinga, i tett samarbeid med avdelingsleiar og Teneste- og samordningskontoret.  
  • Rettleiing av studentar 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar. Vernepleiar kan også vurderas til stillinga. 
  • Erfaring innan heimetenester og/eller rehabilitering er ønskeleg. 
  • God kunnskap innan sjukepleiefagleg dokumentasjon. 
  • Må kunna nytta aktuelle IKT-verktøy. 
  • Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg. 
  • Du må ha sertifikat for personbil. 
  • Det er krav om politiattest. 

Personlege eigenskapar

  • Du må kunna kommunisera godt med brukarar, pårørande og kollegaer. 
  • Du må trivas med å jobba tverrfagleg. 
  • Du må evna å ha oversikt over avdelinga  
  • Du må ha evne til å arbeida effektivt og håndtera raske endringar i kvardagen. 
  • Du må vera trygg i rolla som sjukepleiar og kunna arbeida sjølvstendig. 

Me tilbyr

  • Lønn etter tariff
  • Ein variert og fagleg utfordrande arbeidsplass  
  • Godt tverrfagleg samarbeid 
  • Kjekke kollegaer og godt samarbeid  
  • Fadderordning for nytilsette  
  • Vi tilbyr moglegheit for fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø 
  • Gratis parkeringsplass

Er dette  spennande ? Sjå filmen frå avdelingane våre (her)

Kontaktinformasjon

Maria Lisa Skulbru Knutsen, Leiar, 98864805, maria.lisa.skulbru.knutsen@time.kommune.no

Arbeidsstad

Gamle Åslandsvegen 27
4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4984695893
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2025