Energimontør

  • Heltid
  • AURLAND, NORGE
  • 11. januar 2026

Sygnir

Energimontør

I Sygnir kan du jobbe med det som betyr noko, kvar dag!

Våre energimontørar jobbar for å sikre trygg og effektiv drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert. Me har stor aktivitet og søkjer energimontørar til montørbasen i Aurland.

Elektrifiseringa av samfunnet gir oss stadig meir å gjera, og me gjer store investeringar i nettet for å møte framtida. No treng me fleire energimontørar. På montørbasen vår i Aurland blir du del av eit fagmiljø med kort veg til avgjerd og høg grad av involvering. Du får eigarskap til jobben du gjer, innspel som blir tekne på alvor og eit inkluderande lag som løftar kvarandre.

Kvifor Sygnir?

Hos oss får du ein kvardag som kombinerer moderne teknologi, praktisk arbeid i felt og variert terreng som gir deg faglege utfordringar. Me jobbar breitt – med høgspent, lågspent, kabelanlegg, nettstasjonar og kundetenester – og treng folk som vil utvikla seg. Du blir del av eit sterkt fagmiljø som leverer trygg og stabil straum til regionen, og du bidreg direkte i det grøne skiftet.

Dette vil du jobbe med

Som energimontør hos oss jobbar du med bygging, montasje og dokumentasjon av høg- og lågspent anlegg, kabelanlegg, nett- og transformatorstasjonar og linjenett. Du deltek i drift, vedlikehald, inspeksjon og befaring av anlegg, og kan inngå i beredskaps- og vaktordning. Her får du faglege utfordringar som utviklar deg.

Kva me ser etter

  • Fagbrev som energimontør
  • Førarkort klasse B (BE og C er ein fordel)
  • Erfaring frå arbeid i felt
  • At du jobbar trygt, strukturert og tek HMS på alvor
  • Fleksibel og komfortabel med ulike fagområde (høgspent, lågspent, nettstasjon)
  • Fagleg engasjert og nysgjerrig
  • Ein lagspelar som inkluderer andre og bidreg til godt miljø
  • God til å rettleia og følgja opp lærlingar

Kva me kan tilby

Hos oss får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi – du leverer kritisk infrastruktur og bidreg til eit meir berekraftig Sogn. Me gir deg utviklingsmoglegheiter i eit sterkt fagmiljø, med varierte og utfordrande oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktig løn, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og du kan delta i aktivitetar saman med kollegaer i fritida i regi av bedriftsforeininga Kraftlaget.

Bli ein del av noko større

Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet, som sørgjer for stabil straum til over 14 000 kundar i Sogn. Straumnettet vårt går gjennom noko av det mest spektakulære – og bratte – terrenget i landet, og me er leiande på trygg jobbing i slike forhold.

Vil du bruke kompetansen din på ein jobb som verkeleg betyr noko? Då vil me gjerne snakka med deg!

Spørsmål? Ta kontakt med seksjonsleiar montasje Daniel Meisterplass tlf. 908 27 356.

Søk på stillingen via “Søk på stilling” – knappen på denne siden.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted