Ekstrahjelp til Flåm Bakeri

  • Deltid
  • FLÅM, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 11. oktober 2025

Ekstrahjelp – Service­medarbeidar til Flåm Bakeri

Deltid – helger og kveldar hausten/våren, moglegheit for fulltid i sommarsesongen

Vil du ha ei kjekk ekstrajobb i eit levande miljø midt i Flåm? Flåm Bakeri & Kafé søkjer service­medarbeidarar til helger og kveldar fram mot sommaren – med moglegheit for heiltidsstilling i høgsesongen.

Hos oss får du vere ein del av eit triveleg team som skaper gode opplevingar for både lokalbefolkning og turistar. Vi serverer fersk bakst, heimelaga pizza, salatar, sandwichar og god drikke – i koselege lokale og på uteserveringa ved kaia i Flåm.

Arbeidsoppgåver

  • Gje personleg og hyggeleg kundeservice
  • Lage baristakaffi
  • Handtere kasse
  • Servering, dekking og rydding av bord
  • Førebu sandwichar og salatar
  • Ha kunnskap om produkta på menyen

Kven er du?

  • Du er minst 18 år 
  • Du kommuniserer godt på engelsk (skandinavisk språk er ein fordel)
  • Du har gjerne erfaring frå service, men det viktigaste er at du er serviceinnstilt og glad i folk

Vi tilbyr

  • Ekstrajobb i helger og kveldar gjennom hausten og våren
  • Moglegheit for fulltid i sommarhalvåret
  • God opplæring, trivelege kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Rabatt på Norway’s Best sine produkt og aktiviteta

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted