Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester, har ledig stilling som Einingsleiar IT – Informasjonsforvaltning og -sikkerheit
Om stillinga:
Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester (ITT) er organisert i fellesadministrasjonen med ca. 70 tilsette, og er fordelt på alle våre fem campus. Avdelinga ligg i linje til organisasjonsdirektøren.
Som del av ein utviklingsprosess er det gjort vedtak om ny organisering, og avdelinga vil frå 1.oktober 2025 vere organisert med fire einingar: Brukarretta tenester (IT BT), System og infrastruktur (IT SI), Informasjonsforvaltning og -sikkerheit (IT IFS), og Digital tenesteutvikling (IT DT). Dei tre stillingane som er ledige (IT BT, IT IFS og IT DT), blir no lyst ut for tilsetting.
Einingsleiar får ansvaret for personalet i si eining, og ansvaret for drift og fagleg utvikling av tenesteområdet. Einingsleiar får delegert mynde frå avdelingsleiar, tek del i forming av avdelingsbudsjettet og rapporterer til avdelingsleiar.
Stillinga som einingsleiar for IT – Informasjonsforvaltning og -sikkerheit inngår i avdelingsleiar si leiargruppe. Stillinga er sentral i å utvikle og vedlikehalde grunnleggande tenester for informasjonsforvaltning og-styring, data- og dokumentasjonsforvaltning, samt vidareutvikle retningsliner og planar for informasjonssikkerheit. Fagansvaret for dokumentasjonsforvaltning (oppfølging av arkivansvaret – arkivlova §6 – ligg til eininga). Til avdelinga høyrer også viktige opplærings- og rettleiingsoppgåver.
Einingsleiarar er ei leiarstilling plassert på nivå 4, i stillingskode 1211 – seksjonsleiar.
Stillinga kan ha arbeidsstad ved eitt av våre 5 campus; i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller på Stord.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Informasjonsforvaltning og -styring
- Informasjonssikkerheit
- Dataforvaltning
-
Dokumentasjonsforvaltning
Kvalifikasjonskrav:
Utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning med informatikk/informasjonsvitskap/dokumentasjonsforvaltning i fagkretsen
- Dokumentert kompetanse innafor tenesteområdet lagt til eininga
- Meir enn fem år relevant erfaring
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
- Gode grunnleggande leiareigenskapar
- Motiverande og inkluderande leiarframferd, med vekt på samarbeid og medverknad
- Gjennomføringskraft
- Løysingsorientert
- Utviklingsorientert
-
Resultatorientert
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som einingsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1211 – seksjonssjef.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan blir brukt i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.