Einingsleiar heimetenester – 100% fast stilling

  • Heltid
  • ROSENDAL, NORGE
  • Publisert: 16 timer siden
  • 25. oktober 2025

Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial

Einingsleiar heimetenester – Kvinnherad kommune

Vil du vere med å utvikle framtidige tenester i omsorg, helse og sosial i Kvinnherad kommune? Ei av kommunen sine mest spanande stillingar vert ledig våren 2026, då vår noverande leiar skal gå av med pensjon.


Me er på jakt etter ei ny stjerne som vil ta stafettpinnen vidare og som får heilskapleg ansvar for drift, utvikling og leiing av eininga.

Dette er ei av dei mest sentrale leiarstillingane i kommunen. Heimetenestene omfattar fleire avdelingar, meir enn 200 medarbeidarar og rår over eit betydeleg budsjett. Som einingsleiar vil du ha heilskapleg ansvar for drift, fag og utvikling – og for tenester som er heilt avgjerande i kvardagen til  innbyggarane våre.

Du blir del av leiargruppa for omsorg, helse og sosial, og vil ha ein nøkkelrolle i arbeidet med å sikre berekraftige og moderne tenester.

Er du ein strategisk og engasjert leiar med hjarte for folk og framtid, så er dette jobben for deg!

Arbeidsoppgåver:

  • Økonomi, fag og folk – frå A til Å
  • Utvikle og følgje opp strategiar og mål i tråd med politiske vedtak og sektorplanar
  • Drive fram innovasjon, digitalisering og smarte løysingar
  • Bygge gode samarbeidsrelasjonar med tilsette, brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Delta aktivt i leiargruppa for omsorg, helse og sosial, og vere ein pådrivar for samhandling og fellesskap

 Dine kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning (bachelor- eller masternivå)
  • Interesse for ny teknologi, velferdsløysingar og tverrfagleg utvikling
  • Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Leiarutdanning og leiarerfaring med gode resultat
  • God forståing for kommunal drift og lovverk

Dine personlege eigenskapar:

  • Tydeleg, trygg og inspirerande
  • Strategisk, og handlingsorientert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Relasjonsbyggande og inkluderande

 Kvifor Kvinnherad?

  • Gratis SFO og låge barnehageprisar – eit reelt pluss for barnefamiliar
  • Ny barneskule på Husnes (2026) rett ved Kvinnherad Arena; med hall, klatrevegg og moderne læringsmiljø!
  • Trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge
  • Studielånslette – inntil 25 000 kr  årleg dersom du bur og jobbar her
  • Natur i verdsklasse – Fjord, fjell og frisk luft gir livskvalitet utan sidestykke 
  • Bustadetablering – Startlån som gjer det enklare å kjøpe eigen bustad
  • Ein kommune i utvikling – du får kjekke kollegaer og være med i ein organisasjon som vil framover

 Me tilbyr

Ei spennande og meiningsfull leiarstilling. Handlingsrom og påverknadskraft på utforming av løysingar i framtidas heimetenester. Eit profesjonelt leiarfellesskap med høg kompetanse. Me jobbar med kontinuerleg forbetring.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted