Distribusjonssjåfør – Thor Tenden Transport – Stryn

  • Heltid
  • STRYN, NORGE
  • Publisert: 5 dager siden
  • 30. juli 2025

Thor Tenden Transport AS

Har du lyst på ein kjekk kvardag bak rattet – med faste ruter, god stemning og trivelege folk rundt deg?

På grunn av aukande oppdragsmengd søkjer vi no ein distribusjonssjåfør til utkøyring av varer i Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Søre Sunnmøre. Hos Thor Tenden Transport blir du ein del av eit trygt og jordnært arbeidsmiljø der vi held det vi lovar – både til kundar og kollegaer.

Vi ser etter deg som er påliteleg, ansvarsbevisst og har orden i sakene. Du trivst med å jobbe aleine, men likar også å vere ein del av eit lag. Du møter folk med eit smil, er hjelpsam og bidreg til god stemning på jobb. Likar du å vere i aktivitet og tek ting som dei kjem – då kan dette vere jobben for deg.

Arbeidsoppgåver:

  • Lasting og lossing

  • Køyring i henhald til avtalt rute

  • Vedlikehald av bil og utstyr

  • Yte god service ute hos kundane våre

Ønska kvalifikasjonar:

  • Førarkort klasse C/CE

  • YSK

  • Truckførarbevis

  • ADR-bevis er ønskjeleg

  • Gode norskkunnskapar

Vi tilbyr:

  • Gode arbeids- og lønsvilkår

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø med hjelpsame og erfarne sjåførar

  • Ein moderne bilpark med godt utstyrte og vedlikehaldte bilar

  • God opplæring og oppfølging – vi sørgjer for at du føler deg trygg i jobben

  • Mogelegheit for både faste ruter og variert køyring

  • Arbeid i ei bedrift med høg standard på kvalitet og service

  • Ein jobb der du får vere i aktivitet og kjenne at du gjer ein viktig forskjell – kvar dag

  • Kurs i ADR ved behov og resertifisering i YSK

Høyres dette ut som noko for deg?

Send inn ein søknad eller ta kontakt viss du lurer på noko. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Jobbsted